Bilder påvirker deg!

Og du kan bruke bilder til å gjere livet ditt betre!

 Visste du at bildene du omgir deg med, påvirkar deg i mykje større grad enn du kanskje var klar over? Eg hadde ikkje den kunnskapen då eg begynte å tegne og male. Eg berre elska å gjere det, og drømte som 12-åring at eg blei illustratør. I skuletida satt eg ofte å teikna i kladdebøkene og på kladdeblokka. I den tida var det in med jenter med tårer - så eg heiv meg på . Kva trur du skjedde :-) Eg tok veldig lett til tårene. Ikkje så morosamt då, men eg ser jo no at det kanskje hadde ein annan grunn enn eg tenkte då... :-)

 


Etter mange år som illustratør, der det å skape spenning for lesaren var hovedfokus, møtte eg plutselig veggen. Det var mange årsakar til det, og eg leita og leita etter ny retning, ny veg i livet mitt.

Undervegs fant eg mykje interessant, eg les blant anna mykje. Og i ei bok - av Matthew Manning, ein kjent engelsk healer - sto det om ein undersøkelse som viste at bilder av tre og vatn fakisk hadde legande virkning. Og me veit jo fantastisk me har det når me er ved vatn eller sjø, den beroligande virkningen av bølger og kor godt det er å vera i skogen. Det er ikkje utan grunn at dei fleste av oss søker til sjøen og naturen når me treng påfyll.

 Bilete av vatn og tre, skal ha legande virkning på oss...


Etter å ha lest dette, blei eg meir oppmerksom på det. Og eg kjente at eg lengta etter å lage mine egne bilder. Sakte men sikkert fekk eg malegleden tilbake igjen. Og motivene som ville ut, var med sjø, måsar, blomar, magiske øyeblikk i livet mitt. Det første bildet eg malte då eg begynte igjen, er det du ser under - av ungane mine som held rundt kvarandre som små. Me var på ferie, og eg fekk fanga dette fantastiske øyeblikket med fotoapparatet, slik at eg kunne laga eit stort maleri mange år seinare.

 Det som så skjedde, var magisk. Mine to sønner, som då var 15 og 11, hadde som brødre flest, kjekla opp gjennom oppveksten. Ikkje meir enn andre, men har du ungar, veit du ka eg meiner :-) Allerede mens eg malte det, forandra dette seg. Dei blei mykje snillare med kvarandre. Og etterpå, har eg ikkje høyrt at dei har krangla. Diskutert ja, men på ein godmodig måte, utan dette sinnet som ein som regel har når ein kranglar. Eg merka at dei fekk meir omtanke for kvarandre og det var heilt fantastisk flott å sjå. Og dette, i ein pubertetsperiode! 

 

Om å tillate seg å blomstre

Då eg laga maleriet av liljene, blei eg inspirert av ein fantastisk kanadisk kunstnar som heiter Marney Ward. Du har kanskje sett at eg har delt ein del av hennas bilder på facebook. Etter at eg hadde malt det, satt eg å såg, og kjende at det ikkje var ferdig. Og plutselig kom det eit dikt, eg som aldri hadde skrive dikt før. Og det handla om å blomstre utanfor rammene, våge å bli den ein vil. Og blomane - dei spør aldri om å få lov å være vakre - det er dei berre. Ikkje spør dei om lov til å blomstre heller, å være det dei er. 

 

Dette bildet hjelper meg no til å bli den kunstnaren eg no vil væra. Å utvikle meg, tenke nytt, ikkje være fanga av dei gamle rammene. Det er jo slik verden utviklar seg - om me alltid står i det gamle, blir det ingen framgang. Men det er jo til tider skummelt, så me treng litt drahjelp for å våge å hoppe - eller blomstre er vel kanskje rett ord her :-)

 

Så min oppfordring til deg er: Kva vil du ha meir av i livet ditt?

Kva er det som skapar dei GODE følesane, den roen, kosen, gleden du vil ha? Kva inspirer deg, kva gjer deg lykkelig, kva gjer at du tenker at jaja, skit på om da regna, eg har da så fint her inne med bildene mine at eg kan nyta dei te regnet og blåsten har roa seg. Eller ka du nå treng ein pause fra...

 Me er ikkje like - og derfor må du finne dine bilder - det som treff deg, det som er viktig for deg. For meg handlar måsar og naust og sjø om sommarfølelsen. Å våkne opp og lytte til måsane og vite at NO e da sommar. Eg huskar kor deilig det var å få sommarferie frå skulen, alle dei gode oppplevelsane frå feriane hos farmor, med turar ut å bada eller fiska, og heime - alle turane på holmane og fikseturane med pappa. Dette siste bildet er av Klovskjæret - den plassen eg huskar best at me fiska.

Lykke til med din jakt etter bilder som skaper dei gode følelsane og stemningane i deg! 

 

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.