Kva drømmer du om?

Har du drømmer om noke som ville vært fantastisk - men så trur du egentlig ikkje at da går an for DEG å få da til?

 


Me trur me ikkje kan

Denne måten å tenke på er utrulig vanlig. Me gjer det heile tida, ho får da til, men eg er ikkje god nok. Han klarer det, men eg har nok ikkje evnene.

 


Alle desse tankane gjer at me hindrer oss sjølve i å leve slik me har lyst til. Ikkje bevisst, men ubevisst tar me då valg som gjer at me ikkje oppnår det me egentlig lengter etter.

 


Du har sikkert opplevd at livet går godt, og så - ut av det blå, skjer det noko som gjer at det går nedover bakke. Og du sukker og tenker at jaja - sånn er det alltid….

 


Om å utforske vår grense for kva me trur er mulig

I dag fekk eg i hende ei bok «The big leap» av Gay Hendricks,anbefalt meg av ei kanadisk dame, Megan O’Neal, som er coach og jobber med trossystemer - det me trur er sant. Fordi me enten er blitt det fortalt, har opplevd det altfor mange ganger, eller fordi det er den «vanlige» oppfatningen i samfunnet rundt oss. 

 


Fofatteren av boka, oppdaga at han egentlig ikkje trudde det gjekk an å ha det bra lenge av gangen, og dermed «boikotta» dette med negative tankar og handlingar slik at dette gjentok seg.

 


Han begynte å undersøke kva han gjorde, og fant ut at han kunne endre det. No - seier han - har han det så utrulig mykje betre, og lever eit liv han elsker. For godt til å være sant, tenker nok mange av oss, for me har jo prøvd, men eg tru han snakker sant.

 


Sjølvsabotering

Eg har sjølv gjort dette utallige ganger. Ting begynner å gå bra, og så - slutter eg å gjere det som gjer at det går bra

og detter ned i suppa igjen. Og blir irritert på meg sjølv og så har eg det gåande.

 


Problemet er at det er så indoktrinert i våre vaner, våre ubevisste tanker, alt me har lært, alt me har erfart at når me prøver å ta tak i det, så kjem angsten snikande og spenner fot på oss til me ligger der og ber om nåde og seier til angsten at ok ok, det er greit, eg gjer meg. Og så nøyer me oss me det middelmådige igjen.

 


Kunstnartalent blir og ramma

Eg ser også dette blant mennesker som gjerne vil bli gode til å tegne. Dei kjem på kurs hos meg, ser at dei kan få det til, men så - når kurset er over - glir dei tilbake til sitt vante liv. Ikkje fordi dei ikkje vil lære meir og trene. Det ser eg at dei vil. Og evnene har dei og. Dei blir berre fanga av nettop dette - dei trur egentlig ikkje at dei kan bli så gode. Så noko saboterer, og så blir det med det. Ikkje alle gjer dette. Nokon tar det med seg og bruker det og skaper nye og betre og mange bilder. Så det er mulig å overkomme det! :-)

 


Det var dette som skjedde med meg for mange år sidan då eg møtte veggen. Eg hadde suksess, og levde godt som illustratør. Og så satt eg der ein dag og fekk ingenting til. Det var bom stopp. Eg ser no at eg hadde møtt grensa for det eg trudde var mulig for meg. Og då kom angsten og tok tak. Eg hadde aldri før følt slik angst. Og den var som ei jernklo som satte seg i brystet når eg nærma meg staffeliet. Og har spent bein - igjen og igjen - kvar gong det begynner å gå bra.

 


Fantastisk inspirasjon

Eg gleder meg til å lese boka ferdig. Den skal visst være ei av dei mest anbefalte bøkene om ein ønsker å kvitte seg med middelmådigheten og begynne å leve slik ein verkeleg ynskjer.

 


Til alle dåke som gjerne vil lære å tegne - eller følge andre drømmer - så er mitt beste råd - tross angsten! Spør deg sjølv - kva trur eg vil skje om eg bruker tid på å tegne og bli bedre. Og lytt til svarene som kjem. Kanskje vil du tru at andre vil le av deg og spørre om du trur du er noko. Kanskje trur du at det vil gå ut over familien din om du er så egoistisk at du bruker tid på noko sånt. Svarene kan være mange.

I kurset mitt Gi drømmane dine liv tar eg opp desse temaene og viser deg korleis du KAN nå dine mål og drømmer med enkle steg. Eg fant nemlig ut korleis eg alltid HADDE nådd draumane mine. Det var enklare enn eg trudde. Malen hadde lugge der inni meg, men eg var ikkje klar over korleis eg hadde fått det til. No har eg laga kurs, slik at du og kan lære mine enkle steg. Fordi alle fortjener å verkeleggjere sine draumar. Og kanskje akkurat DU sit på noko verdifullt som andre og kan ha glede av. Me trur ikkje alltid det. Men det er som regel tilfelle.

 


Du blir ein betre person å omgås

Husk at om du bruker tid på det du elsker, så blir du ein mykje hyggeligare person å vera saman med. Du lærer og andre at det er ein god investering å bruke tid på det ein verkelig liker og har lyst til. Du blir et forbilde. Og skaper gode ringvirkninger. Det er når me gjer meir av det me liker at verden blir betre. Når alle bruker sitt talent, er det større sjangs for at det som er bra blir betre, for at det som trengs å utviklats blir utvikla. Det er ditt geni som skal dyrkast, ikkje frykten din. 

 


Boka The big leap, av Gay Hendricks, anbefaler eg på det varmaste berre etter å ha lest innledningen. Har ingen fortjeneste på å anbefale den, så dette er fra hjerta - gode bøker er alltid ein av dei beste hjelpene eg får når eg treng å ta steg vidare. Å lære av dei som har gått vegen før oss, hjelper oss å gå litt fortare og ta noken snarveier. Ikkje var ho dyr heller. Han fortel i boka korleis me får tak i det som saboterer oss, og korleis me kan endra det.

 


Tegnekurs

Og vil du lære å tenge - har eg eit onlinekurs Bli god til å tegne portrett. På nettet. Sommaren er ei fantastisk tid å bruke på tegning. Det er godt lys, du kan sitte ute, du har tid og du kan bruke den tida du trenger. Du kan og bruke tid på å lage gode vaner fordi du har betre tid enn ellers i året. Du vil få hjelp til dine tegninger og spørsmål du måtte ha. Støtte på veien og ein heiagjeng i Facebookgruppa. Kurset går over tid slik at du får tid til å fordøye stoffet. Tid er viktig. At det ikkje må gjerast i ein føyk.

 


Og lykke til med utforskingen av det som hindrer deg. Det kan være skatten du leiter etter i livet ditt!

Link til Gi drømmane dine liv: Ja eg vil gjerne vite meir

Link til Bli god til å tegne portrett: Ja det vil eg vite meir om 


Klem fra Anita

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.