Om å skilje seg ut, ta seg tid til å strekkje og lære av måsen

måker måser seagull Oct 22, 2019

Og så strekkje eg ein fot her...

I første omgang ser dette motivet ut til å handle om måsar. Og det gjer det jo. Det var min kjærlighet til måsar som fekk meg til å male det. Trudde eg...

Heilt til eg skulle finne tittelen. Som var å strekkje på foten. 

Mange ser på naturalistisk kunst som å kun gjenskape det me ser. Mange ser faktisk ikkje verdien av det me ser. Noko som er litt merkelig, sidan augene er ein av sansane me bruker aller mest. Og det me ser, påvirker oss i veldig stor grad. 

Eg fekk et tips om å begynne å skrive om bildene mine. Som utdanna illustratør, er jo tekst og bilde eit kjent tema, men eg hadde aldri tenkt over at det skulle ein gjere. Altså skrive om bildene. Sjølv blei eg alltid fascinert over sjølve bildene. Uttrykket i dei, lyset, stemningen og atmosfæren. Og aller mest kor mesterlig kunstneren hadde klart å få fram det vakre i motivet.

Heilt til eg ein dag gjekk på et foredrag med Vebjørn Sand. Og fekk ein heilt annan opplevelse då eg etterpå gjekk rundt og såg på bildene hans. Dei hadde plutselig ein historie.

Desse måsane blei altså til fordi eg ein dag satte meg ved sjøen rett bortanfor kyrkja på Stord. Været var aldeles nydelig, og lyset og stemeningen inspirerte meg til å ta masse bilder. 

Då eg kom heim, og såg gjennom bileta eg hadde tatt, oppdaga eg ved ein tilfeldighet desse fire måsane som sto oppe på eit gammalt erverdig naust. Og denne eine som strekte på foten. Av ein eller annan grunn måtte dette bli det første motivet frå den turen. 

Då eg skulle begynne å skrive om det, og finne tittelen, følte eg at hm... det var nå ein snodig tittel, kunne eg bruke den??? Men det dukka aldri opp nokon annan. Så dermed blei det "Og så strekkje eg ein fot her..." 

Om me tar oss tid til å sjå på fuglane og dyra, ser me at dei ofte strekkjer seg. Og brukar tid kvar dag på å stelle seg. Me bur ved eit vatn og der ser me ofte måsane ha kveldsstellet sitt, der dei skvettar vatn både her og der, og fjelgar fjøra sine. Kattane mine strekkjer seg ofte og med tydelig fornøyd uttrykk.

Me som har eit yrke som gjer at me sit ein del, ofte i intens konsentrasjon - ( eg blir riven med til tider når alle detaljane skal på plass) - og dermed får nakke og andre musklar lite variasjon. I begynnelsen gjekk det bra. Men etter som åra drog på, merka eg at eg ikkje var fullt så bevegelig som før.

Å strekkje, lærte eg av ein verdskjent coach - er ein svært god måte å halde seg i form på. Han sa at han brukte ofte 20 min kvar morgon til å strekkje. Og fortalde om andre som hadde fått det mykje betre og klarte meir ved å ta i bruk denne praksisen. 

Sjølv merkar eg at om eg regelmessig gjer dette, og brukar yoga til å hjelpe meg å bli meir fleksibel, har eg det mykje betre. Hjernen blir klårare, og det er som om eg har ein mykje friskare og betre følelse som varer heile dagen. Når ein har vore utbrent og energinivået ikkje har vore på topp, merkar ein dette endå betre. Og det kan verkeleg anbefalast om du skulle føla at du treng litt påfyll av den slags.

Eg trur at fulgar og dyr ofte skjønar meir enn oss. For me slenger oss altfor lett på sofaen og gløymer å strekkje. Lar tv-en ta over og lurer på kvifor me føler oss så stive og har vondt i nakken og andre stader...

Så - difor - håpar eg - om du ikkje allereie er komen inn i den gode vanen med å strekkje - at bilete av denne måsen, vil minne deg på det alle dei gongane du har behov for å la slitne msuklar få litt avspenning.

Og - som ein bonus - har dette bilete enno ein bodskap. Mange av oss er av og til litt redde for å stikke oss fram. Janteloven kan være hard her i Norge. Og difor vegrar me oss. Sjølv om me kanskje kunne trenge det om me treng å markedsføre noko, eller har noko å fortelja. Me skal jo ikkje visa oss.

Måsen som strekkjer foten skil seg litt ut. Ikkje så mykje. Men nok til at det er han du ser. Ved første augekast. Det er ikkje noko påtrengande med det. Han står berre der og strekk på foten sin og nyt sola på nausttaket. Men du ser han. Ikkje skjemst han for å ikkje gjere det samme som dei andre. Ikkje skjemst han for å stå der å strekkje seg, midt på lyse dagen og nyte at det er fint vær og han kan ta seg ein pust i bakken.

Budskapet er - ikkje vær redd for å skilje deg ut. Være akkurat slik du er, og har lyst til. Eller å ta ein tur ut i det fine været og nyte det og. I pausen på jobben. Du får strekt deg. Du motiverar kanskje andre til å trekkje litt frisk luft og om du mot all formodning strekkjer litt på deg på jobb, så kan nokon andre sjå deg og kjenne at søren meg, kanskje det ikkje er så dumt, skuldrene hadde jammen meg blitt litt stive framover dagen.

Det var det som kom til meg då eg skulle skrive om biletet mitt. Eg håpar det var til inspirasjon. Kanskje er du verkeleg god til alt dette. I så fall, så kan du kanskje finna andre ting i biletet som akkurat du ser. Forresten - ramma rundt - den måtte med. Eg veit enno ikkje kvifor. Kanskje kun for at å setje fokus på noko, gjer det meir synlig. Kan hende. Kva trur du?

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.