Galleri Fiskemaasen

Bli inspirert, gå på skattejakt eller berre sett deg ned og ta ein pust i bakken!
Et galleri er for opplevelse. Eg ønsker å glede deg med kunsten min og det eg har av skatter og rare ting i galleriet. 
Me blir påvirka av det me omgir oss med. Ved å velge det som gleder oss, gjer med dagane våre betre!
Bli venn av galleriet, så får du ein kopp kaffi/te og eit kunstkort når du besøkjer galleriet, i tillegg til spesielle tilbud kun for venner!
JA TAKK, eg vil være venn av galleriet!!

Biletkunst

Kunsten i galleriet er inspirert av landskapet og livet på Bømlo. Ved å ha kunst som minner oss om det me er glad i og som inspirerer oss, gjer me dagane våre betre, og bryr oss ikkje så mykje om at det regnar eller er kaldt og hufse. 

Keramikk og skattar

Siw Styve sine fornøyelige sauer, gjer oss i godt humør. Desse og mykje anna, er blant skattane du kan finna i Galleri Fiskemaasen.

Ein god kopp te og ei bok

Pukka-te er blitt ein av mine følgesvennar i livet. Og difor har eg valgt å ha te i galleriet, slik at du både kan nyta ein kopp her, og ta med heim. Det finnes og bøker både til inspirasjon og gåver.

Lyset i ein solnedgang

Me treng lyset. I ei bok eg leste av Doreen Virtue, skreiv ho om at me trengte lyset i både soloppgang og solnedgang og elles i døgnet for å trivast. 

Ein solnedgang roer sinnet vårt. Det gjer oss rolegare og i modus for å sova. Ved å ha bilete med solnedgang på soverommet, kan du ta stemningen med deg inn og finna ro uansett vær og tid på året. 

Bilete av vatn og tre skal og ha legande virkning på oss.

Symbolikk i bilete

Svaner er vidunderlige fuglar. Dei er så mektige, elegante og gjer oss ein følelse av kor fantastisk naturen er laga til.

Svaner lever og saman heile livet, og er ein utrulig fin symbolikk om det å halda saman. 

Bli venn av galleriet

Eg held kurs både i teikning og maling. I tillegg er det eventar, nyheter og anna som eg sender ut informasjon om. Er du venn av galleriet, får du blant dei første som får informasjon og kan melda deg på.

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.