Kjøpsvilkår

Brukervilkår

Vilkår for medlemsskap for onlinekurs hos Anita Vaamartveit Art

For at det skal være enkelt, sikkert og fritt for deg som kunde, tilbyr eg 14 dagers åpent kjøp, 30 dager der dette er spesifisert.  Under er mine fullstendige kjøpsvilkår.

Angrefrist og garanti

Du får 14 dagers ope kjøp fra kjøpsdato, 30 dagar der dette er spesifisert.

Betaling

Betaling skjer via Bank-/Kredittkort. Me tilbyr ikkje faktura. Men aksepterer Visa og MasterCard via mine kjende samarbeidspartnarar Stripe, Paypal og Kajabi. Alle transaksjonar vert sende gjennom disse, og er 100% sikre. Kortkjøp er avgiftsfritt. 

Salg til mindreårige

Er du under 18 år, må du ha tillatelse frå verge for å bestille fra meg.

Opphavsrett

Opphavsrett © Anita Våmartveit. Alle rettigheter er beskytta. Det er ulovleg å kopiera, distribuera, publisera eller endra noko av materialet som er på mine nettstadar og portalar.

Betingelsar for bruk av innhaldet på denne portalen

Ditt kjøp gjeld tilgang til innhaldet på denne portalen i ein begrensa periode - som for tida er 1 år frå kjøpsdato. Produktet er beskytta av opphavsrett. Det er mogeleg at du får tilgang lenger enn 1 år, men kjøpet gjeld i utgangspunkt for 1 år.

NB: Produktet du kjøper er for personleg bruk, og for kun ein brukar. Programmet kan ikkje delast med nokon, inkludert login til kurssidene.

Du har ikkje lov til å endra, kopiera, reprodusera, publisera, lasta opp, leggje ut, overføra, oversetja, selgja, utnytta eller distribuera på nokon måte eller medium (det vere seg e-post eller andre elektroniske måtar) nokon delar av materialet utan samtykkje frå meg. Duplisering, deling, eller opplasting av produktfiler til deling på nettstader blir sett på som å stjela, og kan verta anmeldt i den grad lova tillet det.

Du har lov til å laste ned og/eller skrive ut pdf-filer på nettstaden for personleg bruk, på ein måte der alle opphavsrettigheter og rettigheter vert tatt vare på.

Ved registrering vil du motta brukarnavn, passord, og ein medlemsprofil som er din, der du har tilgang til kursmaterialet. Ta kontakt med meg om du opplever vanskar med dette på nokon måte, så hjelper eg deg så godt eg kan.

Konfidensialitet

Ditt privatliv vert respektert, og eg minner om kor viktig det er å respektere privatlivet til dei andre som og deltek på kurset. Dette vert då ein gjensidig avtale om taushetsplikt. Dine idear, fortruleg informasjon, planer og forretningshemmelighetar, er konfidensielle. Ved kjøp av dette kurset, godtek du samtidig å respektera dei samme rettighetane til dei andre medlemmane og meg som kurshaldar.

Du står fritt til å diskutera, og fortelja om det du opplever på kurset og erfaringane dine. Men du kan ikkje fortelja om andre sine erfaringar eller uttalelsar dei har kome med, utan samtykke frå den enkelte.

Sikkerhet og Personvern

Eg garanterer at eg aldri leverer ut dine personopplysninger eller e-postadresse til tredjepart, med mindre det ikkje ligg føre spesielle årsakar, f.eks. at politi, statsadvokat e.l. ber om opplysningar. Du har rett til å få all informasjon som er registrert om deg, og du kan be om at noko blir retta eller fjerna frå kunderegisteret mitt.

Ansvarsbegrensing

Eg fraskriv meg alle økonomiske krav knytta til nokon av nettstadene mine, videoar, nyhetsbrev, kursportal eller anna innhald. Eg har gjort mitt beste for at innhaldet held høg kvalitet. Ved kjøp av kurs, aksepterer og godtar du, at du er fullt ut ansvarlig for din eigen framgong på kurset. Eg kan ikkje garantera kva resultater du får på kurset. Dine resultat vil alltid vera avhengig av personlege faktorer, som dine ferdigheter frå før, kunnskap, evner, engasjement, m.m Eg fråskriv meg og alt ansvar for sikkerhet som tredjepart har ved transaksjon av betaling, og tvistar som gjeld dette, må takast opp med gjeldande selskap.

Avlysing og utsettelse

Eg som kurshaldar beheld retten til å avlyse eller utsettje program som fylgje av årsaker som er utanfor min kontroll. Vert noko avlyst av meg, vil du som kursdeltakar få refundert kursavgifta. Om eg må utsetja kurset, eller deler av dette, vil du få tilbud om deltakelse på eit seinare tidspunkt.

Begrensning og ansvar

Når du kjøper eit kurs hos Anita Vaamartveit Art, seier du deg samtidig einig i at du tek kurset på eige ansvar, og at kurset er ein opplysningstjeneste. Du fråskriv meg som kurshaldar frå ansvar for alle eventuelle skader som kan oppstå, eller eventuelle krav som oppstår frå nokon avtalar mellom partene. Du aksepterer all eventuell risiko, forutsigbare eller uforutsigbare.

Unngå offentlig sverting

Om det skulle oppstå ein tvist mellom deg og og meg som kurshaldar, seier du deg einig i at den einaste staden å løyse ein slik tvist er mellom oss som partar. Du seier deg einig i at du ikkje vil delta i nokon form for atferd eller kommunikasjon med ein tredje part, verken offentleg eller privat, som vil føre til offentleg sverting av meg.

Avtalen

Medlemskapet gjelder for 1 deltakar og login info kan ikkje delast med andre, utan samtykkje frå kurshaldar. 

Oppseiing

Kurshaldar forbeheld seg retten til å seie opp avtalen med kunde om denne på nokon måte verkar skadande eller forstyrrande på resten av deltakarane på kurset, og at det er kurshaldars ansvar å avgjere dette, ut frå eige skjønn. Ved kjøp av kurset godtek du dette vilkåret.  

Løysing av tvister

Om ein tvist ikkje kan løysast ved forhandling mellom partane, vil ein ueinighet eller tvist i samband med denne avtalen kunna sendast til forliksrådet eller retten.

Varsel

Eventuelle varslar om ueinighet, kan skje ved personleg overlevering eller per post, registrert eller sertifisert med kvittering. Varselet skal sendast til meg på adressene nedanfor.

Force majeur

Om eg på nokon måte vert forhindra frå å levera eller foreta pliktig levering – eller om ei slik leveringsplikt vert urimeleg tyngjande som fylgje av einkvar omstendighet partane ikkje rår med, som brann, krig, mobilisering eller uforutsett militær innkalling av noko omfang, rekvisisjon, beslag, valuta restriksjonar, opprør og oppløp, knappheit på transportmidlar, alminneleg vareknappheit, innskrenking i tilførsel av drivkraft, samt manglar ved eller forsinkelsar av -leveransar frå underleverandørar eller produsentar som fylgje av omstendigheter som omhandlast i dette punkt, er Anita Våmartveit fritatt for alt anna ansvar enn i reklamasjonstilfeller og kreditere den mangelfulle vares kjøpesum.

Adresse og kontaktperson er:

E-post: [email protected]

Adresse: Telegrafvegen 18, 5427 Urangsvåg

Sist oppdatert 20.02.2018

 

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.